Nyttig info

Denne sida inneheld informasjon som er nyttig å ha for dei som er “på huset”. Kontakt med vaktmeister og andre som er lista her, er kun meint om du leiger kontor i bygget.

Vaktmeister

Vaktmeister har ansvar for generell vedlikehald og oppfølgning av renovasjon. Dersom du har problemar med noko praktisk og det ikkje står generelt i punkta under, er vaktmeister sannsynlegvis naturleg kontaktpunkt. Merk at for bytting av lamper, lyskjelder og anna arbeid inne på dykkar eiga areal (ikkje fellesareal), vil det bli vidarefakturert då det er kvar enkelte organisasjon sitt ansvar å halde det ved like.

Om du ynkjer å kontakte vaktmeister, kan du sende e-post til vaktmeister, under.

Heis

Her på huset er det to heiser; ei stor og ei lita heis. Tilgang styrast med nykkelsystemet (som skal byttast ut). Dersom heisa står eller om det manglar lamper,

Kontakt: vaktmeister (sjå eiga punkt).

Ventilasjon

Ventilasjonen her på bygget tek litt tid å omstille seg frå varmt til kaldt ver. 1. til 6. etasje har luftbasert temperaturstyring ved at lufta som “dyttast ut” frå vindaugskarmen blir kjølt ned eller varma opp via anlegg på taket. I kvar vindaugskarm har du temperaturkontroll i form av at du kan styre kor mykje luft du slepp inn – temperaturen i lufta er lik. I sjuande etasje er det panelomnar. Merk at ventilasjonsanlegget blir arbeida på, og det vil bli betre. Info-presentasjon frå 2019

Kontakt: vaktmeister (sjå eiga punkt).

Vasking

Ren Pluss er leverandør av vasketenester her i Frivillighetshuset (med unntak av Oslo kommune, som har eigne tilsette for reinhald). Kontaktperson der er Izi som kan kontaktast på e-post [email protected] eller telefon 905 77 217.

Kontakt: Ren Pluss.

Internett og nettverk

Det er felles drift av nettverk og internett her i bygget. Kvar enkelt organisasjon har sitt private nettverk, og kan ikkje nå andre organsiasjonar med mindre det blir spesifikt sett opp slikt. Vi har ei ganske kraftig internettlinje (minimum 1 gigabit) som meir enn nok dekkjer behovet her i bygget. Drift blir gjort av teknisk arbeidsgruppe (oppsett og større oppgåver) og Unicornis (dagleg drift), i 7. etasje.

Kontakt: Sjå Frivillighetshuset teknisk.

Trådlaust nettverk

Vi held på å sette opp trådlaust nettverk i bygget slik at du kan logge på din organisasjon sitt nettverk og bevege deg overalt i bygget utan å miste oppkoplinga. I løpet av dei neste månadane blir det installert mange fleire trådlause baser slik at rekkevidda blir auka. Drift blir gjort av teknisk arbeidsgruppe (oppsett og større oppgåver) og Unicornis (dagleg drift), i 7. etasje. Sjå “Sørvisdesk”.

Kontakt: Sjå Frivillighetshuset teknisk.

Sørvisdesk for Frivillighetshuset teknisk

For sakar som Frivillighetshuset har ansvar for (t.d. nettverk, internett, telefoni, låsesystem osv), ber vi om at førespurnadar blir sendt på e-post. Alternativt er det bemanna sørvisdesk hjå Unicornis i 7. etasje måndagar og fredagar kl 13 til 16.

Parkering

Her på Tøyen er det til tider vanskeleg å finne gratis parkering, og bygget har ikkje faste parkeringsplassar. Vi anbefalar bruk av gateparkering, eller Q-Park ved Kiwi. Merk at det er mange plassar i området med lading og gratis parkering for el-bilar. Sjå Oslo kommune sine nettsider.

Renovasjon (avfall)

Avfall skal som minimum sorterast i to delar; restavfall og papp/papir. Dette kastast i eigne dunkar på baksida av bygget. Det er og mogleg å bruke grøne posar for matavfall og blå for plast, om ynskjeleg. Glasflasker kan leverast på eit returpunkt, sjå sortere.no. Dersom beholdarane bak bygget er fulle, kontakt vaktmeister eller Norsk Gjenvinning. Kundenummer: Kolstadgata 1 Eiendom.

Kontakt: Norsk Gjenvinning, telefon 09700.

Telefoni

Vi har eit felles telefonisystem her på bygget som ein kan kople seg opp mot. Her delar vi på felleskostnadar og har ganske kurant abonnement. Dette telefonisystemet blir og brukt for porttelefon.

Kontakt: Sjå Frivillighetshuset teknisk.

Videokonferanse

Det er eit felles videokonferansesystem i bygget, med Cisco videokonferanseutstyr plassert ut i dei fleiste store møterom. Dette er under oppsett, meir info kjem.

Kontakt: Sjå Frivillighetshuset teknisk.

Porttelefon

Porttelefon vil bli installert i sommar.

Kontakt: Sjå Frivillighetshuset teknisk.

Nøkkelkort

Frivillighetshuset har eit ganske nytt nykkelkortsystem som er fulldrifta av Teknisk driftsgruppe. Bestilling av nyklar og styring av tilgang blir gjort via Portalen.

Kontakt: sjå Frivillighetshuset teknisk.

Postkasser

I første etasje er det mange postkasser, men ikkje nok til at alle kan få kvar for seg – vi må dele. Til kvar postkasse har vi tre nøklar som blir delt ut alle – vi har ingen reservenyklar. Det er ikkje lov med eigenproduserte postkasseskilt, dymo-lappar eller liknande. Bestill skilt frå Skiltservice.

Kontakte Teknisk arbeidsgruppe

Følg lenken for å kontakte Teknisk arbeidsgruppe.

Comments are closed.