Dette er Frivillighetshuset

Frivillighetshuset er eit kontorfellesskap beståande av mange ulike organisasjonar. Til felles er at vi brenner for frivillig aktivitet, og denne frivilligheita gjennomsyrer òg Frivillighetshuset som organisasjon.

Kontorfellesskap

Vi har eit kontorfellesskap der målet er å halde kostnadar nede, men òg å dele erfaring og kompetanse.

Portalen

Mykje av det daglege du har å gjere, kan bli styrt via Portalen på portal.frivillighetshuset.no. Her kan du til dømes bestille nøkkel, styre kven som har tilgang til kva, styre heisa og meir. Dei som er lagt til “orgadmin” kan styre andre brukarar. Alle andre kan bestille tilgang ved å bruke “gløymt passord”-funksjonen.

Sørvisdesk

Ein til to dagar i veka er det ein sørvisdesk open i sjuande etasje [når det ikkje er Korona]. Her kan du få svar på mange spørsmål, får utlevert nøkkelbrikker og liknande. Sørvisdesken har òg ansvar for å halde auge på at felles konferansesalar ser ok ut, men har ikkje ansvar for booking. Sørvisdesken har dialog med Teknisk arbeidsgruppe og andre arbeidsgrupper, men utfører ikkje sjølv oppkopling, fysisk feilretting av nettverk og liknande.

Hald kontakt!

Vi har ei Facebook-gruppe som det kan vere lurt å vere medlem av.

Dette gjer folk

  • Fakturering: LNU (6. etasje)
  • Booking-dialog: Hyperion (7. etasje), Elevorganisasjonen (4. etasje) og Operasjon Dagsverk (4. etasje)
  • Utlevering nøklar: Unicornis (7. etasje)
  • Kaffimaskin 7. etasje: Alle med kontor i etasja (Unicornis, Hyperion og KANDU)
  • Sosial-komiteen: alle flytta ut under korona 🙁  Meld dykk! Vi har vanlegvis husval, Lucia-tog, pølselønsj og anna sosialt innimellom.

Fellesareal er felles

Hugs at fellesarealet er for alle sin bruk. Til dømes kan ein ikkje forvente at kantinearealet i sjuande etasje er til eksklusiv bruk, med unntak av at dei som har kontor i etasja har lønsj der frå 12 til 12:30-ish kvar dag. Merk at kjøkenet i sjuande etasje ikkje er godkjend til matproduksjon, og blir ikkje regelmessig vaska. Difor blir det berre unntaksvis lånt ut, og ein må då sjølv sørge for vasking.

Teknisk infrastruktur

Vi har fått donert utstyr til mange millionar frå diverse firmaer, og vi er så heldige at ei gruppe med veldig dyktige organisasjonsfolk har danna Teknisk arbeidsgruppe. Her har vi blant dei flinkaste i landet på nettverk, IT-sikkerheit og meir. Dei jobber gratis med ting, og jobbar med å forbetre nettverket litt etter litt. Målet for 2022 er å få på plass betre trådlaus-dekking, og skikkeleg AV-løysning i Konferansesal 1.

Comments are closed.