Videokonferanse på Frivillighetshuset

Alle møterom på Frivillighetshuset har moderne videokonferansesystem levert av Cisco. Desse kan ringe opp andre Cisco (og SIP-baserte) system der ute, og internt på huset.

For deg som skal delta utanfrå bygget

Delta frå PCen din

Møterom for Konferansesal 1

Møterom for Konferansesal 2

Delta frå mobiltelefon/nettbrett med app

  1. Last ned appen “Webex Meetings” (Android) (iPhone/iOS)
  2. Trykk på “Join meeting”
  3. Skriv inn rett møterom-adresse
    1. Konferansesal 1? https://frivhus.webex.com/meet/k1
    2. Konferansesal 2? https://frivhus.webex.com/meet/k2

Ring inn (berre lyd)

  1. Ring 23 50 37 57
  2. Tast møtenummer 175 181 7177
  3. Blir du spurt om passord, tast “2020”

Det er òg innringar-telefonnummer for dei fleste land i verda.

 

For deg som er på Frivillighetshuset

Starte videomøte

  1. På touch-panelet i møterommet, trykk på “Kontakter” og finn kontakten «VIDEOKONFERANSE»
  2. Koden for å starte møtet er 2020.

Skjermdeling med Cisco-systema

Cisco-systema har ein eigen kabel tilgjengeleg for presentasjonar – ved talarstolen om det er talerstol og elles anten ut på venstre side av videosystemet. Dette er ein HDMI-kabel (for bilete og ljud). Det er adaptarar til DisplayPort og miniDisplayPort (sistnemnte standard på Mac og ein del andre merker) tilgjengeleg i alle møterom. Dei fleiste systema er konfigurert slik at bieltet kjem opp automagisk. Dersom dette ikkje skjer, trykk på knappen “Presentasjon” (eller bilete av laptop) om det er fjernkontroll, og knappen “Del”/”Share” om det er touch-panel.

Styre kamera

Med fjernkontroll

Bruk piltastane. “Selfview”/bilete av ei boks med person i gjer at du skrur av/på bilete frå kameraet på din lokale skjerm.

Med touch-panel

Trøkk øvst til høgre, på kameraet. Der kan du finne standardoppsett (talarstol, heile sal osv) – men og kunne justere kameraet individuelt.

 

Comments are closed.