Ein del organisasjonar på Frivillighetshuset er del av kostnadsdelingsgruppe for telefoni, og delar på telefoni-system på bygget. Dette gjev moglegheit for fysiske telefonar samt internett-basert telefoni, og oppkopling til porttelefon.
Fysiske telefonar
Fysiske telefonar brukar nettverket på huset for oppkopling, på eit eiga telefoni-nettverk. For bestilling av fysiske telefonar, kontakt sørvisdesken.
Porttelefon
Når det ringer på porttelefonen ved hovuddøra eller mellom-døra rett før heisa trykker du på 5-tasten for å opne døra.
Begge konferansesalane har porttelefon tilgjengeleg, og fungerar på lik måte som skildra over.
Telefonsvarar på e-post
Dersom dykk har det satt opp, sendast telefonar etter ei viss tid til telefonsvarar. Alle meldingar som leggast igjen blir sendt på e-post til spesifisert adresse.
IP-telefoni på PC eller mobiltelefon
For å få tilgang til telefoni på din PC eller mobiltelefon kan du kontakte sørvisdesken for oppretting av brukarnamn og passord. Du kan kople til frå kor som helst i verda, men hugs at kvaliteten på samtalen vil vere avhengig av internettoppkoplinga di – båe fart og latens (“ping”). Dersom ein klient forsøker å logge inn med feil brukarnamn eller passord seks gongar, vil all trafikk frå det nettverket (IP-adresse) bli blokkert i eitt døgn.
Programvare
Du kan bruke den programvaren du ynskjer, så lenge den støttar SIP. Vi har god erfaring med bruk av programmet Zoiper [nettside | Android | iPhone] som gratis-versjon, og ein kan oppgradere til betalt-versjon for meir funksjonalitet som overføring av samtalar og liknande. Det finst òg mange andre IP-telefoni-program der ute, og vi krev ikkje at ein spesifikk blir brukt.
Teknisk informasjon
Maskin: tlf.frivhus.no
Protokoll: SIP (TCP eller UDP på port 5060)
Proxy: Ingen
Døme på oppsett, Zoiper
Steg 1 – Brukarinformasjon
I dette dømet brukar vi brukarnamnet “test-01-ext@tlf.frivhus.no”, som du saman med passordet må skifte ut med det du får frå sørvisdesken.
Steg 2 – Leverandør
Steg 3 – La dette stå blank, hopp vidare til neste steg
Steg 4 – Vel kommunikasjonsmåte
Det er anbefalt å bruke SIP TCP, men det er òg mogleg å bruke SIP UDP. Skilnaden er at TCP vil forsøke å få alle lydbitar gjennom medan UDP kan “droppe” pakkar dersom det er nettverksforstyrring.